Villcamping forbode i populære surfebygder

No er det forbode å campe utanfor campingplassane i utvalde område i bygdene Hoddevika og Ervika i Stad kommune.

Surfebygd: Hoddevika i Stad kommune har 20 fastbuande og Stadhavet som nærmaste nabo. Bygda blir årleg besøkt av fleire tusen turistar. Mange er surfarar frå heile verda.  

Nyheter

Det er Stad kommune som melder dette på heimesida si.


Allemannsrett, men ikkje utan plikter

Ikkje fritt fram for villcamping

Visste du at du ikkje kan slå opp telt nærare enn 150 meter frå hytte eller seter? Det er ikkje heilt fritt fram i norsk natur for dei som vil villcampe.


Fleire varsel

Årsaka er fleire varsel som er blitt meldt inn den siste tida om at det har kome for mange turistar til området, fleire enn ein kan ta imot innanfor dei regulerte campingplassane.

Med det nye forbodet, gjeldande frå 8. juli, skal ein forsøke å få bukt med denne villcampinga.

– Forbodet mot villcamping i Hoddevika og Ervika på Stadlandet i Stad kommune er innført for å ta vare på kulturlandskap, natur og miljø i desse heilt spesielle og sårbare områda. Det er viktig å presisere at folk framleis er velkomne til å besøke, bade, surfe og elles vere ute i naturen i både Ervika og Hoddevika. Det er sjølvsagt også fullt mulig å ta inn på campingplassar og andre organiserte tilbod om overnatting i dei to bygdene, seier ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo.

Motverke ulemper

– Åtferdsreglane skal sikre bevaring av kulturlandskapet og kulturmiljøet i Hoddevika og Ervika. Reglane skal særleg ta sikte på å verne dyre- og plantelivet, motverke ulemper for grunneigarane sin bruk av området og fremme naturvenleg friluftsliv til glede for alle, heiter det i avgjerda frå Stad kommune.

Dei som bryt campingforbodet vil bli vist vekk, og dei kan også bli stilt til straffansvar etter friluftslova sin paragraf 39, legg Stad kommune til.