Tillitsvald om ny fordeling av pengane i Helse Midt-Norge:

– St. Olavs hospital har kuppa prosessen

Det går no føre seg ein kamp om store pengar i Helse Midt-Norge. Tillitsvald for legane i Møre og Romsdal reagerer på korleis St. Olavs påverkar prosessen.

Tillitsvald: Igor Jokic er tillitsvald for alle overlegane i Helse Møre og Romsdal.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

I juni vart det kjent at Helse Møre og Romsdal kan få eit par hundre millionar kroner meir årleg, mens St. Olavs hospital får tilsvarande mindre.