Fann Maja Herners mobil og klokke

Saka som har pågått sidan november 2018, kan no avsluttast.

Fallulykke: Polske Maja Justyna Herner budde i Ørsta då ho forsvann 21. november 2018. Leitemannskap og politi jobba lenge utifra ein teori om at ho hadde forsvunne nær Saudehornet. Det viste seg derimot at ho hadde vore på nabofjellet Nivane.  Foto: Møre-Nytt

Nyheter

Politiet melder at dei blant anna har funne mobiltelefonen og klokka til Maja Herner. Søk vert no avslutta.

«Etter positive søk under Storeniven måndag 13. juli er no alt vesentleg av leivningar funne etter Maja Justyna Herner som vart sakna i fjella ovanfor Ørsta sentrum på Sunnmøre 21. november 2018. Vi har også funne mobiltelefonen og klokka hennar, uttaler politiinspektør Yngve Skovly» i ei pressemelding.


Tror Maja Justyna Herner døde etter fall fra stor høyde

Undersøkelser av levningene etter Maja Justyna Herner (25), som ble funnet i fjellet i Ørsta 5. juni, tyder på at dødsårsaken trolig er fall fra stor høyde.


«Leivningane som vart funne vert rutinemessig sende til Gades Institutt i Bergen for DNA-analyse, og det er ingen grunn til å endre på at dødsårsaka skuldast skader etter eit fall frå stor høgde, seier Skovly.

Torsdag kveld 18. juni, litt over klokka 21.30, fekk politiet inn melding frå ein mann som hadde vore under fjelltoppen Store-Niven.


Kreditering: Kartverket


Hans observasjonar gjorde at politiet seinare meldte om eit gjennombrot i leitinga etter den sakna. Denne funnstaden av fleire leivningar etter den avdøde låg på mellom 750 og 800 moh., i same området som ein var i gang med å undersøke.



Dette la grunnlaget for vidare funn, og oppklaring av saka.

«Vi som har arbeida med den gjennom desse åra har vore opptekne av å finne svar, ikkje minst til dei pårørande om kva som kan ha hendt Maja. Pårørande og den polske ambassaden har heile tida vorte orientert om utviklinga i saka», seier Skovly.