Kleven Verft er redda - Agder-baserte Green Yard Group er ny eigar av verftet

Kleven Verft er redda - og den nye eigaren er Agder-baserte Green Yard Group.   Foto: LINDA EIKREM/ARKIV/VIKEBLADET

Nyheter

Green Yard Group overtek vidare drift ved Kleven Verft etter å ha kome i hamn med ein avtale med konkursbuet og dei involverte bankane. Kjernekompetansen blir ivareteke, og Green Yard Kleven vil også i framtida vere eitt av Norges mest anerkjende skipsverft. Det melder Green Yard Group i ei pressemelding natt til tysdag.

Agder-baserte Green Yard Group, som først måndag morgon blei nemnt av næringslivsportalen Nett.no (ekstern lenkje) som ein aktuell kandidat, har planar om å vidareføre verftsdrifta, men samstundes utvide verksemda til nye forretningsområde - som kan gje eit stabilt arbeidstilfang ved sidan av skipsbygging og vedlikehald.

Green Yard er blant Norges leiande aktørar innan resirkulering av skip - men ønsker å halde fram med å bygge skip ved Kleven Verft - i tillegg til sine andre forretningsområde.

Takkar for tolmodet

Som Vikebladet Vestposten kunne melde like før pressemeldinga kom rundt halv eitt natt til tysdag - gjer Kjetil Bollestad ein retur tilbake til Kleven - og blir administrerande direktør i Green Yard Kleven.

- Dette hadde vi ikkje fått til utan alle dei tilsette på Kleven, bankane, kreditorane, kontraktspartnarane og leverandørane som harvist tolmod og gitt buet arbeidsro til å arbeide fram løysingar, seier bustyrar Bjørn Åge Hamre.

- Vi er veldig audmjuke og stolte

Det var ein godt nøgd administrerande direktør i Green Yard Group, Hans Jørgen Fedog, som slo av ein prat med Vikebladet Vestposten like etter at pressemeldinga blei sendt ut. Same mann var noko forsiktig då han prata med underteikna måndag formiddag - men kunne ikkje halde tilbake gleda då han blei ringt opp igjen etter at klokka hadde passert midnatt natt til tysdag.

- Det har vore ein interessant prosess som førte fram til ei god industriell løysing for framtida. Det viktigaste er at vi har på plass ei god løysing, som også er ei god løysing for heile regionen - slik vi ser det. Vi er veldig audmjuke og stolte over å kunne ta Kleven Verft vidare inn i framtida. Vi vil gje Kleven Verft ein stabil horisont framover, og stable verftet på beina igjen, seier Fedog og legg til:

- Vi veit kor viktig Kleven Verft er for heile den maritime klynga på Nordvestlandet, og vi vil forsikre alle aktørane vi samarbeider med - og vil samarbeide med no etter kjøpet - om at vi ønsker å gjere vårt ytste for at det som no blir Green Yard Kleven held fram som Norges fremste skipsverft.

Det er elles kalla inn til allmøte med dei tilsette tysdag, blir det opplyst om i pressemeldinga.

På Angholmen i Fedafjorden i Agder held Green Yard Group til - og no kan konsernet skilte med nok eit verft i porteføljen - Kleven Verft.   Foto: GREEN YARD GROUP

Denne saka blei først publisert av Vikebladet Vestposten