Volda-politikar oppfordrar Tussa-kundar til å vrake straumleverandøren sin:

– Det som fekk meg til å reagere, er at dei har ein eigar som støttar vindkraft

Tysdag publiserte Ivar-Otto Kristiansen (H) eit innlegg på Facebook der han skriv at han har bytta straumleverandør frå Tussa til Stranda Energi, og oppfordrar andre til å gjere det same.

REAGERER PÅ AKSJEEIGAR: Ivar-Otto Kristiansen, leiar i Volda Høgre, representant i kommunestyret og teknisk sjef i Ørsta kommune, går hardt ut mot Tussa, aksjeeigar KLP og Trønderenergi.  Foto: Roy-Arne Folkestad / Møre-Nytt.

Nyheter

Kristiansen er leiar i Volda Høgre, representant i kommunestyret og teknisk sjef i Ørsta kommune. Han meiner at folk no må markere forbrukarmakta, og bytte til straumleverandørar som ikkje forbindast med vindkraftverk.