Dødsulykka i Geiranger:

Kollegaene måtte berge på land leitande mor

Då ein eittåring døydde i Geirangerelva, kunne også mora sitt liv gått tapt. Her fortel ei av dei som redda mora opp av elva kva som skjedde.

Leiar: Jenny Muren Knivsflå er sjef for spa-avdelinga på Hotel Union Geiranger. Ho har jobba for hotellet i 13 år.   Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Dette må vere heilt forferdeleg for familien. Det viktigaste for meg er at dei vert varetatt.

Jenny Muren Knivsflå
Nyheter

Jenny Muren Knivsflå og ein kollega er i tredje etasje på Hotel Union Geiranger. Det er tysdag og klokka er cirka kvart på fire. Plutseleg høyrer dei det ho omtalar som skremmande, varslande rop frå ei kvinne. Dei ser ut. Det gjeld å kome seg ned. Kvinna står i fare for å verte tatt av elva, og ført med ned til fossane.