Nektar å skaffe geolograpport om skred: – Heilt meningslaust!

Gunnhild og Reidar Overvoll meiner det ikkje er noko fare for ras på Overvoll gard og nektar derfor å punge ut for å skaffe ein geolograpport slik kommunen krev: – Det blir ikkje tryggare å bu her av at vi får ein geolograpport.

GARDSTUNET: Gunnhild Overvoll og Reidar Overvoll foran hovudhuset på Overvoll gard.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

Taket er lågt og møbla er av gammal stil. Sjølv om oppvaskmaskina og eit nyoppussa bad gjer huset meir moderne, er det som å gå tilbake i tid når ein kjem inn i det gamle hovudhuset på Overvoll gard. Gunnhild og Reidar Overvoll fortel det har vore viktig å behalde denne kjensla.