Tom «Tommen» Bjerknæs

Snowboardlegenden er død

Tom "Tommen" Bjærknes er død, 70 år gamal. Her er han fotografert då Stryn sommerskisenter opna i 2018.  Foto: ROGER OLDEIDE / FJORDINGEN

Nyheter

(Fjordingen): Har du vore på Stryn Sommerskisenter har du truleg møtt snowboardlegenden Tom «Tommen» Bjerknæs.

Han døde i dag etter lang tids sjukdom. Han vart 70 år gamal, melder Fri Flyt.

«Tommen» var viden kjend for å vere tidleg ute på snøbrett og med basehopping og har vore fast inventar både i Hemsedal og i Stryn dei siste 30 åra, skriv bladet om den sagnomsuste 70-åringen som dei beskriver som ein ekte sjuande far i huset for freeride-folket.

Bladet fortel at Tommen, som kunne ha mellom 150 og 280 dagar på snowboard kvar vinter, var ein varm og inkluderande person med uendeleg mange historiar på lager. Ein typisk radikal sjel med klassisk surfestil der «hang loose»-håndsignalet aldri var langt unna.

Bjerknæs var også inspirasjon for karakteren Petter Stormare spelte i filmen Switch frå 2007.

Ein del av Tommen sin bakgrunnshistorie er prega av rusproblem og konsekvensar av desse. Tommen si kreftdiagnose har vore kjend i miljøet sidan juni, skriv bladet.

Tom Bjerknæs vart 70 år gamal.

Saka blei først publisert i Fjordingen.