Reagerer på Tussa-kritikken til Kristiansen:

– Eg føler meg litt ukomfortabel med heile situasjonen som ordførar og eigar

Stein Aam, ordførar i Ørsta kommune, meiner kritikken som Ivar-Otto Kristiansen retta mot Tussa er overraskande. No vil han ta saka opp med kommunedirektøren.

IKKJE EINIG: Ordførar Stein Aam svarar på kritikken frå Ivar-Otto Kristiansen. Han seier at han ikkje er einig med Volda-politikaren i måten han handera saka på.  Foto: JANNE-MARIT MYKLEBUST/Møre-Nytt

Nyheter

Onsdag publiserte Sunnmørsposten ei sak der Volda-politikar, kommunestyrerepresentant og teknisk sjef i Ørsta kommune Ivar-Otto Kristiansen (H) går hardt ut mot Tussa. Dette fordi Kommunal Landspensjonskasse (KLP) er aksjonær med 14,95 prosent, som også har aksjar i Trønderenergi som støttar vindkraft.