Fiskeglede sjølv med flaum og store elvar:

– Det er ganske vanskeleg å få dei store laksane når elva er flaumstor. Men det er ein del av sporten

Det seier Knut Arild Løvdal Stauri, som er leiar i grunneigarlaget i Stryneelva. Fleire formenn i elveeigarlaga på Sunnmøre og Nordfjord er godt nøgde med fangsten hittil i sesongen.

STRANDAELVA: 8. juli vart det landa 11 pjakkar og fire laksar i Strandaelva. Her er Arild Hagen Ravnøy med ein laks på 7 kg.  Foto: Jaroslav Hostacny.

Nyheter

Korsbrekkeelva

Det har vore bra fiske i Korsbrekkeelva som renn gjennom Hellesylt så langt i sesongen, sjølv om det har vore ein del utfordringar med stor elv, kan formann Asbjørn Ekornåsvåg fortelje. Elva er open frå 1. juli til 31. august.