Stuntfotografering i Flydalsjuvet:

– Naturen spelar ikkje alltid på lag med toskeskapet

Kvart år kan vi sjå fleire hundetals emneknaggar på Instagram med bilete frå Flydalsjuvet i Geiranger. Stranda-ordføraren har sett seg lei av at folk utfordrar liv og helse for å få det perfekte biletet.

FARLEG: Stuntfotografering utanfor gjerdet på Flydalsjuvet. Biletet vart tatt fire dager etter at guten på nesten to år omkom i Geiranger.  Foto: Staale Wattø.

Nyheter

Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune, seier at dette ikkje er eit gjentakande problem, men at dei har hatt for mange episodar med slik farleg stuntfotografering.