Skjebnedagar for Green Yard Kleven:

Dette seier Bollestad om mogleg sal av forsyningsskipet

Det viktigaste for nye Green Yard Kleven er å få selt forsyningsskipet som ligg ved verftet no. Administerande direktør Kjetil Bollestad opplyser at dei framleis har fleire interessentar.

Tilbake i sjefsstolen: Då det var i ferd med å rakne for dei kroatiske eigarane i slutten av juni forsvann også Kjetil Bollestad som administerande direktør. Sist veke var han tilbake som sjef, no under eigarar frå Sørlandet.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Eg er veldig trygg på at vi skal få det til. Det er snakk om tid, seier Bollestad til Sunnmørsposten torsdag føremiddag.