Slik ser søkartala til Høgskulen i Volda og NTNU Ålesund ut:

– Det er veldig kjekt å sjå så mange grøne tal, og at det er oppgang for alle avdelingar

Det seier rektor Johann Roppen om søkartala til Høgskulen i Volda. Hjå NTNU Ålesund har dei auka studieplassar på sjukepleie, nautikk og datateknologi.

NØGD: Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, er nøgd med oppgangen i talet på søkarar som hadde HVO som sitt førsteval.  Foto: Knut Arne Aarset (arkivfoto)

Nyheter

Hovudopptaket til høgare utdanning ved universitet og høgskular er klart. Stor konkurranse om studieplassane og høgare poengsnitt for å kome inn på ei rekkje studium vart resultatet av dei høge søkartala til Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen kan skilte seg med oppgang i søkartala for fjerde året på rad.