«Kloakkanlegget kan ramme deg meir enn du trur»

Står fare for å bli øydelagt: Eit utslepp på Kvasneset vil vere øydeleggande for fisk og oppdrettsindustri, samt dårleg reklame for Verdsarvfjorden, meiner forfattaren av dette innlegget. Her utsikt frå Kvasneset i retning Hjørundfjorden.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det blir skapt eit bilete av det planlagde kloakkreinseanlegget på Sula som eit økonomisk miljøanlegg. Dette skal lokke politikarane til å gi klarsignal for eit skandaleprosjekt.

Kvasnes er ei vakker bygd med flott utsyn til fjordkryssinga mellom Storfjorden og Hjørundfjorden, og eit attraktivt område for bustadutbygging.

Kjemikaliar og tungmetall

Enkelte politikarar hevdar at vatnet frå anlegget skal bli så reint at ein kan drikke det. Men i røynda er det snakk om eit sekundærreinseanlegg for 70.000 PE, med reinsegrad på i beste fall 70-90 prosent, der alle kjemikaliar, tungmetall, mikroplast og medikamentrestar blir med ut i Storfjorden.

Dersom problemet med mykje overløpsvatn ikkje vert stogga, vil reinsegrada bli endå lågare. Og om ein ser på Ladehammeren reinseanlegg, som er eit tilsvarande anlegg, var det i 2019 utslepp på 16 tonn fosfor, 284 kg kopar (Cu) og 7 kg bly (Pb). (Norskeutslipp.no, 2019, Miljødirektoratet).


Satser på raskere framdrift for felles avløpsanlegg

Torsdag orientereres Sula kommunestyre om status for felles avløpsanlegg med Ålesund.

Kva om dei skulle koste på seg å velje ei høgare reinsegrad, slik som VEAS? Ordføraren i Sula sa i valkampen at det kanskje skulle byggast eit tertiærreinseanlegg.

Urealistisk

Trur dei innbyggarane i Ålesund og Sula ville vore i stand til å betale for eit milliardanlegg med fullreinsing? Berre dei årlege driftskostnadane er på 323 millionar. (VEAS årsrapport 2019). Dessutan har VEAS har ei bygningsmasse på 10 600 m2 og ei tomt på 40 mål. (VEAS, Styrets melding 2019) Korleis skal dette sprengast inn i den vesle fjellknausen på Kvasnes? Det er urealistisk. Og ved å grave i denne saka finn ein stadig fleire urealistiske moment. Her er nokre:

• Det er planlagt å snu eksisterande pumperetning innover i fjorden. Skal ein då berre håpe på at fjordstraumane tek det med ut att mot havet?

• Fjellhallen er i planteikningane plassert der det er svakheitsoner og dagfjell som er forvitra. Sula kommune har rapporten (Geophysix AS, oktober 2019), men den ligg ikkje tilgjengeleg. Nye boringar starta opp att 30.06.20.

• Ladehammeren reinseanlegg i Trondheim fekk i 2010 naboklager på luktplager frå ei 20 meter høg pipe, og kommunen vedtok i 2017 å bruke 13,2 millionar og sette opp ei 50 meter høg pipe, med ei diameter på 2,6 meter. (Trondheim kommune Arkivsaksnr.: 15/50651-33) Samtidig påstår kommuneadministrasjonen i Sula at den tilsvarande 20 meter høge pipa på Kvasnes vil bli luktfri.

• Korleis kan ein gamble på at avlaupsvatnet held seg i eit sjikt på 40 meter? Kommuneadministrasjonen i Sula forsikrar stadig om at avlaupsvatnet blir innlagra på 40 meter. Men vitnar ikkje det friske og fiskerike området nettopp om kraftige vertikale straumar? Både straumar opp til overflata og ned mot djupet er kritisk med tanke på forureining. Dessutan vil kloakkutsleppa gå inn mot land når straumen går vestover, sidan det på nordlege halvkule blir dreiing av vannmassene til høgre (Ekmanspiralen).


Utslipp i Storfjorden

Ingen vet effekten av plassere kloakkanlegget her – etterlyser biologer

Håvard Vollset Lien, beboer på Kvasnes og medlem i Sula kommunestyre (MDG) er kritisk til prosessen for nytt kloakkrenseanlegg på Kvasneset.


Risikabelt

Ut frå eit føre-var-prinsipp er det risikabelt å samle alle utslepp frå eitt anlegg. Erfaring viser at ukontrollerte utslepp skjer, og med eit stort anlegg har ein ingen reserveløysingar. Eit utslepp på Kvasneset vil vere øydeleggande for fisk og oppdrettsindustri, samt dårleg reklame for Verdsarvfjorden.


God sakshandsaming, Sula kommune?

Eg kjenner til fem vedtak i Sula kommunestyre som omhandlar plasseringa av kloakkreinseanlegg på Sula. Eg har sett på kva desse seier om plasseringa:


Og kva med å lytte til protestane frå Sykkylven-, Stranda- og Ørsta kommune på andre sida av fjorden, som berre får ulempene.

Kva er logikken bak å legge anlegget så langt frå Langevåg og Ålesund sentrum som mogeleg, når ureinsa kloakk bør fraktast kortast mogeleg med tanke på reinseeffekten?


Kloakkanlegg på Kvasnes:

Sula får kloakk-kritikk

Sula kommune får kritikk for å ha vedtatt lokalisering av kloakkanlegg på Kvasnes, før konsekvensutredninger er gjennomført. Nå får de flere krav.


Administrasjonen i Sula kommune seier Storfjorden er godt eigna resipient fordi målingar viser at vatnet er reint. Slike argument finn eg rett og slett triste. I området der anlegget er planlagd er det gjort viktige arkeologiske funn som no er sende over til Universitets-museet i Bergen. Desse er frå ca. 5800 f.Kr ifølgje feltleiar for registreringane, Einar Kristensen. (Sulaposten, 27.02.20).



Sløsing

Korleis kan ein forsvare å rasere rekreasjonsområdet på Lervågfjellet og Lahellestranda med bilveg for anleggstrafikk opp til pipa og ned til utsleppstunnelen ved sjøen. Desse vegane er ikkje ein gong teikna inn, men eg har fått bekrefta av Norconsult at dei er naudsynte. Og kva med det menneskelege aspektet? Folk blir sjuke av å engste seg for heimane sine.


Ytring om renseanlegg:

«Kvasnes igjen!»

Saka om renseanlegget på Kvasnes er en vanskelig sak. Det gjenstår mye utredning og undersøkelser før Ålesund og Sula kan lande på en endelig beslutning om bygging.


Ja, visst skal kloakken reinsast, men bruk avgiftskronene fornuftig, og ikkje sløs bort millionar på undersøkingar i eit område som er så ueigna, og på eit enormt anlegg som kan øydelegge Storfjorden på same måte som Borgundfjorden? Engasjer deg no, før det blir gjort eit såkalla demokratisk vedtak, tufta på dårleg informerte politikarar.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!