Nye tiltak på Eidsdal-Linge:

– Dette er eit viktig steg i riktig retning

Pendlarpass heile døgnet, endring i avgangar og forlenging av C-ferja. Dette er tiltaka fylkeskommunen ved Fram har sett til verks i håp om å avvikle dei lange køane på sambandet Eidsdal-Linge.

NYE TILTAK: Dei lange ferjekøane, her på Linge, tek beslag på eine køyrefeltet. No har fylkeskommunen ved Fram kome med tiltak for å hindre at køane vert så lange.  Foto: Eva Hove.

Nyheter

Thor Arne Aasebø, rådgjevar i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, kunne onsdag ettermiddag bekrefte til Sunnmørsposten at dei no har gjort ulike tiltak på sambandet Eidsdal-Linge for å lette på den kjende køsituasjonen.