Tek eit oppgjer med hetsen:

«Krevjande å vere diplomatisk etter nokon meiner du fortener ei kule»

Slik starta Arbeiderpartiets Erik Kursetgjerde et Facebook-innlegg der han tek eit nådelaust oppgjer med hetsen han møter.

Lei: Erik Kursetgjerde har opplevd mykje hets og sjikane gjennom si tid som politikar.   Foto: Sofie Svanes Flem

Nyheter

– Dei siste åra har eg fått beskjedar som at eg burde ha vore skoten, at enkelte gler seg til å putte ei kule i meg, at eg er hjernevaska, og at eg burde blitt innlagd på lukka avdeling, fortel Kursetgjerde på Facebook. Han sit i Sykkylven kommunestyre på si tredje periode, og på fylkestinget i si andre periode.