Vassendgutane aukar overskotet

Aksjeselskapet til bandet Vassendgutane har levert rekneskapen for 2019.

Vassendgutane på Båtfestivalen i Ålesund.  Foto: NIls-Harald Ånstad

Nyheter

Det viser 12,5 millionar i inntekter i 2019, mot nær 13 millionar i 2018. Sjølv med lågare inntekter har dei auka årsresultatet frå 2,15 millionar til 2,7 millionar. Av dette går dryge ein million til utbyte, medan 1,65 million blir overført til eigenkapital.