Harry sin «hotte» holme:

Fattigrike Giske kommune kjøper ei halv fiskerihamn

Giske kommune avviste kjøp av statlege fiskerihamner. No har kommunen gjort heilomvending og kjøpt ei halv fiskerihamn. Dette for å sikre tilgang til lukrative Furkenholmen på Godøya.

Furkenholmen: Giske kommune har kjøpt den 100 meter lange moloen ut til Furkenholmen på Godøya av Kystverket. Kommunen blir med dete også eigar av om lag halve Valkve fiskerihamn. Ordførar Harry Valderhaug finn ikkje pengar i lomma, men har pengar på bok.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Giske kommune har tidlegare avvist å kjøpe ei einaste ei av dei 13 statlege fiskerihamnene som vert avhenda av Kystverket. Men no har kommunen snudd og kjøpt ei halv hamn.