Bubil køyrde av vegen på veg til Dalsnibba – 50 meter ned ei skråning

Ned i denne skråninga hamna bilen etter trafikkuhellet onsdag.  Foto: Smp-tipser

Nyheter

Både politi og brannvesen rykka ut etter eit trafikkuhell i Geiranger, Stranda kommune.

Ifølgje politiet hamna bubilen om lag 50 meter ned ei skråning. Det skal ha vore to personar i bubilen, og dei skal vere tilsynelatande uskadde.

– Ambulanse framme på staden. Dei to personane har kome seg sjølv ut av bilen, og står fram som lettare skadde. Store skader på bilen, skreiv politiet i ei oppdatering like etter klokka 21 onsdag.

Ifølgje politiet har uhellet skjedd i den første svingen på vegen mot Dalsnibba. Bilen var på veg ned frå fjellet.

Personane blei køyrt med ambulanse til sjukehus for behandling og oppfølging.

Bubilen skal bergast ut i løpet av torsdagen då bergingsbil trenger dagslys for å gjere det. Det fortel politiet torsdag morgon.