Sauebonde fortvilar:

Henta ned sitt fjerde daude lam: - Det blei spist levande

Sauebonde i Sykkylven, Bjarne Sigurd Drabløs har nok ein gong vore på Fjellsætra og henta ned eit daudt lam. No ber han folk halde hundane sine i band.

Hardt skadd: Først låg lammet slik at det såg ut til å ha mindre skadar, men då Drabløs snudde på det såg han fort at her var det inga anna utveg enn å avlive lammet.  Foto: Geir Flacké

Nyheter

Torsdag var sauebonde Bjarne Sigurd Drabløs på Fjellsætra for å hente ned det fjerde døde lammet sidan 19. juli. I tillegg har han henta ned fleire lam med skadar. Alle hendingane har vore innanfor eit mindre geografisk område. Han er sterkt prega av hendinga og ber innstendig folk om å halde hunden sin i band.