Helgapraten med Egil Giske:

Kaptein på «verdas beste cruiseskip»

I snart 50 år har Egil Giske jobba på alle dei store verdshava. Som kaptein på eit 6-stjernerscruise har han treft mange spennande folk og har reist verda rundt fleire gonger.

"CRYSTAL SYMPHONY": Cruisekaptein Egil Giske med modell av systerskipet til "Crystal Serenity".   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Etter å ha vore «koronafast» på cruiseskipet "Crystal Serenity" utanfor Malaysia i fire månader er Egil Giske endeleg vel heime i huset sitt på Valderøya. Med utsikt rett ut mot det vindfulle havet er han likevel ikkje langt unna der han har høyrt til i snart 50 år.