Har budd i bubilen sidan husbrannen i fjor sommar

– Og beredskapen er framleis like elendig

– Då brannmannskapa omsider kom fram, var det ingen vits for dei å pakke fram utstyret. Huset var jo heilt utbrent etter at dei hadde køyrt rundt fjordane.

Provisorisk Virginia og Hallstein Lillebø har budd i bubilen sidan brannen.   Foto: Svein Nordal/ Mørenytt

Nyheter

Mørenytt: I gryotta den 27. juli i fjor stod huset til Virginia og Hallstein Lillebø i full fyr langt inne i Rossetvika i Dalsfjorden. Volda brann og redning måtte køyre rundt heile Austefjorden og inn Dalsfjorden for å kome til unnsetnad, og det er mange mil, det! Så huset var sjølvsagt gått opp i røyk då dei kom fram.