Gratis sprit ved skulestart

Skuleleiinga i Volda set fram spritflasker til studentane. Men han er ikkje drikkande, og skal i staden nyttast på hendene.

Kaarstadhuset ved Høgskulen i Volda.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Ja, i år blir det gratis sprit – både i automatar og på flasker rundt om på heile skulen.

Det fortel rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda.


Fadderuka 2020:

– En mer intim fadderuke, men med en-meters avstand

Fadderlederne ser fram til en mer intim og koselig fadderuke, selv om alle fortsatt må holde en meter avstand til hverandre.


Skulestart 18. august

Ønsket frå studentane var uavgrensa mengder med sprit, og no har skulen kjøpt inn større mengder som skal står klar til skulestart 18. august.

Vanleg såpe og handvaskar vil også vere tilgjengeleg mange stader på skuleområdet. I tillegg lovar rektoren at skulelokala skal vaskast oftare enn nokon gong før.

Og som om det ikkje var nok, så har skulen oppretta ei eiga smittevernpatrulje som skal vere i aksjon i ei par veker frå skulestart og utover.


Slik ser søkartala til Høgskulen i Volda og NTNU Ålesund ut:

– Det er veldig kjekt å sjå så mange grøne tal, og at det er oppgang for alle avdelingar

Det seier rektor Johann Roppen om søkartala til Høgskulen i Volda. Hjå NTNU Ålesund har dei auka studieplassar på sjukepleie, nautikk og datateknologi.


Patruljeoppgåver

– Patruljen skal ikkje inspisere studenthyblane, men derimot skuleområdet – og då med spesielt vekt på kantina. Patruljen skal sjå korleis smitteverntiltaka fungerer, og vurdere om det er behov for justeringar, forklarer Johann Roppen.

Sjølve opningsarrangementet er sterkt nedskalert, og rektor si opningstale er allereie spela inn på video.

Høgskulen i Volda har også fått utarbeidd ein eigen smittevernrettleiar. Rektoren fortel at rettleiaren er obligatorisk pensum både for studentar og tilsette på skulen.


65,5 prosent takket ja til studieplass i hovedopptaket

65,5 prosent av de 107.999 søkerne til høyere utdanning har takket ja til tilbud om studieplass i hovedopptaket for 2020.