Fjorten nærkontaktar i karantene

Tysdag vart det klart at ein person som har vore i arbeid på Nordøyvegen er smitta av korona. Smitta vart oppdaga i Oslo.

Vegprosjekt: Nordøyvegen sett mot Lepsøy. Lepsøyrevet fyr i forgrunnen.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Ein tilsett som har arbeidd med Nordøyvegen har fått påvist korona. Den smitta personen, ein mann, er ikkje busett i Ålesund, opplyser Ålesund kommune i ei pressemelding tysdag.