Lei av hjorteflokkar som herjar: – Den einaste reelle fienden til hjorten er jegerane. Dei må difor få skyte meir hjort

Hjorten i Røyrhusdalen i Stranda et opp mykje av graset som kyrne skal ha. På det meste har mjølkebonde Karl Johan Espe i sommar sett 100 hjort ute på markane.

Beitemark: Knut Espe (til venstre) og Karl Johan Espe inspiserer jorda i Røyrhusdalen i Stranda der store flokkar med hjort beitar kvar kveld og natt.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Eg dyrkar gras på 160 mål. Der likar også hjorten seg godt, seier Karl Johan Espe (45). Graset er det eigentleg 20 mjølkekyr på garden som skal ha.