Tapte sak om ansvar for ferjekioskar

Fjord1 kan pålegge styrmenn og kapteinar ansvar for sjølvbetjente kioskar på ferjene. Det har Sogn og Fjordane tingrett slått fast.

Ferjekiosk: Fleire ferjer har siste åra fått sjølvbetjente kioskar om bord. Her er kiosken på sambandet Magerholm - Sykkylven. Arkiv  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Ein kaptein og ein overstyrmann gjekk til sak mot arbeidsgjevaren Fjord1 fordi dei meinte tilsette i slike jobbar ikkje skulle ha ansvar for drift av sjølvbetjente kioskar om bord på ferjene.