Fotballtrenar vil reinvaske seg i rettssalen – godtek ikkje førelegg

Ein kjent fotballtrenar på Søre Sunnmøre blei sikta for lovbrot av seksuell karakter. Det var sist sommar politiet aksjonerte mot mannen.

Forsvarar: Jørund Knardal seier at klienten hans har vore samarbeidsvillig og fortløpande svart på alle spørsmål som har dukka opp.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Mannen, som har vore trenar for eit seniorlag på Søre Sunnmøre, ønsker ifølgje Vestlandsnytt å reinvaske seg i retten. Saka gjeld tilknyting med framstillingar som seksualiserer barn, og seksuelt krenkande åtferd overfor barn under 16 år. Mannen skal ikkje hatt oppgåver i fotballmiljøet sidan politiet aksjonerte.