Ulstein:

Tre bilar i kjedekollisjon

Nyheter

Trafikkulykka har skjedd på fylkesveg 61 på Garnes, like sør for Kvalnestunnelen.

– Tre bilar involvert i kjedekollisjon. Politiet er på staden. Ambulanse og brannvesen er på veg, skriv politiet i ei melding på Twitter onsdag kveld.

– Det handlar om ein påkøyrsel bakfrå. Det er to personar som klagar på smerte i nakke og rygg, opplyste operasjonsleiar i politiet Per Åge Ferstad til Sunnmørsposten onsdag kveld.

Dei to skal ha vore i den midtarste og den fremste bilen i kjedekollisjonen. Dei har blitt tatt hand om av helsepersonell.