«50 år med lakseoppdrett»

Raud sone: I område som har fått «raudt lys» frå styresmaktene, må produksjonskapasiteten reduserast med seks prosent.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Vi påpeika at dette burde leggast på landbaserte anlegg. Men oppdrettarane meinte då at det ikkje ville vere lønsamt.

I 1976 hadde eg min første tur som fiskar til havs. Seinare kursa eg meg i bøting av trål, garn og not. Når eg var heime frå fiskeri vart eg kontakta av ein oppdrettar i Storfjorden for å bøte merdenøter, noko eg tok på meg å gjere.

Eg la merke til at nøtene var skorne med kniv i botnen. Eg har i ettertid fått forklaring på dette. På grunn av sjukdom dauda fisken i store mengder. For å bli kvitt den daude laksen skar dei hol i botnen på nota for å dumpe ut i fjorden.

Sjukdom

På 1970-talet og fram på 80-talet var eg ein ivrig laksefiskar. Men så miste eg interessa på grunn av sjuk oppdrettsfisk som invaderte elvane og fjorden. Både laks og ørret var fulle av lus og sopp og sår.


Atlantic Sapphire-aksjen har doblet seg på to måneder:

Investorer med milliongevinst: – Jeg tror vi bare er i starten av noe virkelig stort

Vestnes-selskapet Atlantic Sapphire har hatt en skikkelig aksjeoppsving siste månedene.

Laksesmolten, som skal til havs, dauda før han kjem ut til kysten, og ørretyngelen dauda i fjorden. Dette er hovudårsaka til at laks- og sjøørretstammane våre er over halvert sidan 1980. Vitskapleg Råd for lakseforvaltning og Havforskningsinstituttet viser dette i ein ny rapport (publisert 15. juni i år).

Denne rapporten burde både oppdrettarar og politikarar setje seg inn i! For nokre år sidan var det oppdrett av blåskjel ved Skafjellet, utan suksess.


Fylkesmannen kjenner seg ikke igjen i kritikken

Fylkesmannen mener de ikke har gått utenfor sitt mandat og kjenner seg heller ikke igjen i kritikken om en negativ holdning til de nye prosjektene.

Observasjon av strandsona i Storfjorden viser at tang og tare er redusert, og ein ser ei oppblomstring av rur på svaberg. For 30–40 år sidan var det svart med blåskjel under tarebeltet i heile Storfjorden. I dag er den så godt som borte, også i verdsarvfjorden. I siste rapport frå Havforskningsinstituttet kjem det fram at det blir brukt kjemikaliar i fiskefôret som oppdrettsnæringa brukar.

Merdesei og slam

Alle vi som fiskar i fjorden er kjende med «merdesei», det er sei som får i seg pellets i store mengder som laksen blir mata med. Yrkesfiskarar og hobbyfiskarar kan dokumentere at dei har fått merdesei langs heile verdsarvfjorden heilt inne ved Hellesylt og Geirangerfjorden. Slik fisk er sjølvsagt heilt ubrukeleg til matfisk og luktar forferdeleg!


Null appetitt på hardere lakseskatt på Stortinget: Kunne gitt kommunene 7 milliarder i inntekter

Også Ap omfavner regjeringens lakseavgift. Det er ingen interesse på Stortinget for en modell som kunne gitt stat og kommuner 14 ganger større inntekter.

Eg lurer på om Hofseth Aqua kan kome med tal på kor mange tonn fiskefôr som går ut i fjorden frå firmaet sine merdar.

I februar 2020 sette eg flyndregarn i Helsemvika og Uksavika. Eg fekk ingen fisk, men garna var fulle av gulbrunt, ekkelt slam. Til og med båten vart brunfarga. Det gjekk med mange timar med vasking etterpå. Eg tok vassprøve og kontakta Mattilsynet. Kontoret der gav meg tlf.nr til rette vedkomande som har med forureining i Hofseth Aqua sine anlegg. Eg ringde dit, men fekk mildt sagt ei lite venleg mottaking. Beskjeden var at eg kunne berre klage til Fylkesmannen. Slik var mitt første møte med Hofseth Aqua.


Sterkt kritisk til Fylkesmannens håndtering:

Holder igjen milliardsatsing: Mener Fylkesmannen går utenfor sitt mandat og motarbeider prosjektene

Med flere planlagte prosjekter og en investering på flere milliarder kroner, håper Hofseth Aqua å bidra til forskning, teknologisk nyvinning og sysselsetting i regionen. De opplever at negative holdninger fra Fylkesmannen bremser prosjektene.


Som dei vil?

For oss som har vakse opp ved fjorden og sett med eigne auge kva forureininga frå oppdrettsnæringa har gjort med den er det provoserande at Roger Hofseth påberoper seg å kjenne fjorden betre enn Bodil Korsadal og oss andre fjordfiskarar.

Vi har sett med eigne auge kva forureininga frå oppdrettsnæringa har gjort med fjorden i 50 år. Grunneigarane av fjellgardane i verdsarvfjorden har fått tredd ned over hovudet ein masse restriksjonar, lover og reglar om kva dei kan, og ikkje kan, gjere på gardane. Om nokre år vil det bli 0-utslepp frå båtar som skal trafikkere fjorden. Men når det er snakk om oppdrettsnæringa, som er den største forureinaren, ser det ut som om dei kan gjere som dei vil. Og merdeseien med magen full av pellets kan fortsetje å symje inn og ut av fjorden.

Kritisk for villaksen

Fiskeridepartementet har innført soner for produksjonsområda for oppdrettsnæringa frå 2019. Storfjorden ligg midt i raud sone som betyr at kapasiteten skal reduserast. Då lurer eg på korleis oppdrettar og kommune stiller seg til det?


Kronikk:

«I samme hav»

Samlet står havnæringene for mesteparten av Norges verdiskapning.

Det ligg no ute ein ny rapport frå Niva ved seniorforskar Torbjørn Forseth med tittelen «Kritisk for villaksen». Lakselusa har glimrande oppvekstforhold der oppdrettsfisken står i merdane. Og lakselusa gjer at fleire villaksar døyr i stadig større deler av landet, seier rapporten. Talet på bestandar som er kritisk trua har auka.

Kronikk:

«Møre og Romsdal bør ha gode muligheter til å bli en vesentlig aktør på havmerder»

Sjømatnæringen er en av flere samfunnskritiske og viktige næringer som for tiden er i fokus på grunn av COVID-19. Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen sier på Nærings og Fiskeri Departementets hjemmesider at: «Sjømatproduksjon er en samfunnskritisk funksjon. Næringen bidrar til at folk har mat på bordet. Derfor har vi en tett og fortløpende dialog med næringen».

Er Hofseth klar over desse faktaopplysningane? Eg ber politikarane i dei respektive kommunane om å setje seg inn i denne rapporten frå Nina for det den handlar om vedkjem Storfjorden med tilhøyrande elvar sitt ve og vel!

Då lurer eg på om vi har fått verdsarvstatusen på livstid uansett korleis vi forvaltar fjorden. Kanskje ein gong i framtida vil politikarane stå framfor valet: Verdsarvstatus eller oppdrett: Valet mitt er i så fall klart!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!