Opnar hus for nyskaping

På Skaparhuset skal erfarne næringslivsfolk koplast med ungdom som kan mykje om data. Huset skal bli ein møteplass for innovasjon og læring.

Møteplass: I Skaparhuset skal skule, næringsliv og offentleg verksemd møtast for å lære av kvarandre. Kjersti Kleven og Jan Thormodsæter håpar huset etter kvart bidreg til nødvendig omstilling og til nye arbeidsplassar.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Det er ikkje heilt enkelt å seie kva dette er for noko, men vi håpar at Skaparhuset kan bidra til nyskaping og nyetablering, smiler Kjersti Kleven og inviterer inn i Skaparhuset i Ulsteinvik.