Politiet vil slå ned på ulovleg burning

Ingen er så langt tatt for ulovleg burning, men politiet i Sykkylven prøver no å få sett ein stoppar for den risikofylte bilkøyringa.

Ulovleg: Ferjekaia på Aursneset er tydleg prega av ulovleg køyring.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Sunnmørsposten sin fotograf har dokumentert tydelege spor etter burning fleire stader i Sykkylven siste tida. Og politiet er klar over at det har vore ein del tilfelle av slik aktivitet.