Lagar kvilestolar dei knapt har tid til å bruke

Ekornes reklamerer med at vi kan stresse ned i stolane dei lagar. Sjølv har dei ikkje tid. Dette er det merkelegaste året dei har opplevd.

I produksjonen: Her inne på fabrikken blir dei mange Stressless-produkta til. Frå venstre: hovudtillitsvald Edvard Lie og konserndirektør Øystein Vikingsen Fauske.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– I det eine augeblikket var alle permitterte og maskinane stoppa opp. Eit par veker etterpå var det fullt køyr igjen, fortel konsernsjef Roger Lunde.