Ekspertane om at Ålesund kommune støttar ein part i ei rettssak med 500 000 kroner:

– Lovleg, men uvanleg

Ålesund kommune gjer ikkje noko ulovleg dersom dei vedtek å støtte Nei til Vindkraft på Haramsøya sine rettslege steg. Det seier ekspertar Sunnmørsposten har snakka med.

Kommunestyremøte torsdag: Torsdag skal kommunestyret i Ålesund avgjere om dei skal bruke inntil ein halv million kroner på å støtte rettsprosessen til Nei til vindkraft på Haramsøya. Frå venstre: Varaordførar Vebjørn Krogsæter, Birgit Oline Kjerstad frå Nei til vindkraft på Haramsøya, og ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap).  Foto: Marius Simensen (arkivfoto)

Nyheter

– Det er jo ganske uvanleg av ein kommune å så tydeleg støtte eine sida av ei sak, men ulovleg er det neppe, seier Harald Koht til Sunnmørsposten.