Først i Møre og Romsdal

Godkjent som Trafikksikker kommune

Torsdag får Sykkylven kommune det synlege beviset på at dei er godkjend av Trygg Trafikk som Trafikksikker kommune. Sykkylven er først ut i Møre og Romsdal.

Sykkylven: Sykkylven blir Trafikksikker kommune. Det er det tydelegvis ikkje alle bilførarar som har fått med seg, viser desse burningspora ved Straumgjerde.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Å bli godkjend er ingen garanti for fråvær av ulykker, men eit kvalitetsstempel som fortel at kommunen arbeider godt og målbevisst, uavhengig av kommunen sin økonomi. Det seier regionleiar Per Gjerde i Trygg Trafikk.