Myklebust verft og Sølvtrans med ny brønnbåt

Myklebust Verft i Sande har inngått ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Ny båt: Frå Myklebust verft til Sølvtrans.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheter

Fartøyet blir det tredje i ein serie basert på Kongsberg NVC 389 design som Sølvtrans frå før har to av i ordre ved verftet. Lastekapasiteten er på 4000 kubikkmeter. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 77 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til april 2022, heiter det i ei pressemelding.


Satsar 100 millionar kroner:

Nye jobbar skal lokke barnefamiliar til Sandsøya

– Det blir noko heilt anna her neste sommar, seier Anja Halsebakk, dagleg leiar i Rosenlund Hamn AS som skal byggast ut for 100 millionar kroner dei komande åra.


– For å kunne møte etterspørselen etter brønnbåttenester både nasjonalt og internasjonalt, så har Sølvtrans valt å kontrahere nok ein brønnbåt ved Myklebust Verft. Vi opplever stor etterspørsel etter våre brønnbåtar i denne klassa. Som selskap er vi alltid opptatt av å kunne tilby kvalitet både når det gjeld båtar og fiskehandtering. I tillegg er det viktig å kunne bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Med denne kontrakten oppnår vi dette, seier Roger Halsebakk.


Stor kontrakt sikrer lokale arbeidsplasser

MMC First Process har inngått avtale med Myklebust Verft om levering til Sølvtrans-bygg. Kontrakten har en verdi på 77,7 millioner.


– For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide. For tida er sju av 142 tilsette lærlingar og TAF-elevar. Når Sølvtrans vel å bygge lokalt er dei også med på å legge grunnlag for neste generasjon av skipsbyggarar.