Saka skal opp i fylkesutvalet måndag:

Dette er Ap og Sp sin sekspunktsplan for å få maritim sektor på rett kjøl

Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Møre og Romsdal likar dårleg finansminister Jan Tore Sanner (H) sine signal om å skru igjen pengekranene. For no står maritim næring på spel, meiner dei.

Vil ta kampen for maritim næring: Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Marit Nerås Krogsæter (Sp) ønskjer ikkje å sitje stille i båten og sjå verft i Møre og Romsdal gå konkurs. Fylkespolitikarane vil gjerne hjelpe næringa men understrekar at regjeringa og Stortinget i tilfelle må setje av meir pengar.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Vi har mykje kompetanse i fylkeskommunen om maritim næring. Men vi treng også hjelp frå staten for å kome i gang med ulike tiltak, seier Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Marit Nerås Krogsæter (Sp).