Ålesund SV vil ha Kjerstad på tinget

Ålesund SV foreslår Birgit Oline Kjerstad som partiet sin 1. kandidat til Stortinget frå Møre og Romsdal.

Birgit Oline Kjerstad er leiaren for organisasjonen "Nei til vindkraftverk på Haramsøya".   Foto: Marius Simensen

Nyheter

Sosialistisk Venstreparti er i gang med prosessen med å finne kandidatar til å stille på lista frå Møre og Romsdal til stortingsvalet i 2021.

– Gode kandidatar er allereie lansert. Ålesund SV vel å lansere sin eigen kandidat til topplassen: Birgit Oline Kjerstad, skriv leiar for Ålesund SV, Vidar Halvorsen, i ei pressemelding.

Kjerstad er for mange kjend som leiaren for aksjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya. I tillegg trekk Ålesund SV fram at ho har vore i kommunestyret i Haram, og vore tillitsvald i Møre og Romsdal Bondelag, Tine SA og Geno SA.


Reagerer på påstander om ulovlige aksjoner på Haramsøya

– Dette er en alvorlig ærekrenkelse fra en kommunepolitiker

Birgit Oline Kjerstad reagerer på påstand fra høyrepolitiker Rolf Longva, om at hun skal ha blitt bøtelagt for å ha aksjonert ulovlig. – Jeg vet ikke hvor han tar det fra.



Kommunestyret gir penger til vindkraft-rettsak:

- Kan 500.000 kroner bidra til at folk på øya begynner å hilse på hverandre igjen?

Et flertall i kommunestyret vil gi en halv million kroner i støtte for å få ei rettslig avklaring på vindkraft-saka. Håpet er at dette kan bidra til forsoning. Et mindretall frykter det motsatte.


Kjerstad er oppteken av at primærnæringane ikkje må gløymast i ei brytningstid med stor teknologisk utvikling, og at naturressursar må forvaltast til det beste for fellesskapet. Vidare er gode kommunale tenester til dei som treng det viktig for Kjerstad.

– Som mor til eit alvorleg sjukt barn, fekk eg lære kor viktig det er å få hjelp der ein bur, seier Kjerstad sjølv i pressemeldinga.

– Ålesund SV meiner Birgit Oline Kjerstad står fram som ein sterk kandidat til stortingsplass frå Møre og Romsdal. Det blir ein tøff kamp, først om listeplassen, og så om representantplassen. Engasjementet hennar har blitt styrka i kampen mot vindkraftverket, og ho er klar for å ta nok ein kamp for folk frå Møre og Romsdal, skriv partiet.

– Eg har alltid vore oppteken av dei store linjene i samfunnsutviklinga og eg ser at Norge treng ein ny retning for politikken for å løyse dei utfordringane vi står overfor. Vi treng eit verdival, seier Kjerstad ifølge pressemeldinga.


Helgapraten: Bli kjend med Birgit Oline Kjerstad

Ein kamp mot møller

Ho nektar at nokon får øydelegge fjellet som har vore så viktig for henne i vanskelege periodar.