Endeleg ei gladnyheit om vidaregåande skular i Møre og Romsdal:

Næringslivet dreiv lobbyverksemd - fekk ordna ny linje på kort varsel

I vinter vart kulde- og varmepumpeteknikk-linja ved Haram vidaregåande skule lagt ned. Det likte næringslivet dårleg. Men no har den same linja blitt oppretta ved Borgund vidaregåande skule.

Kulde- og varmpepumpeteknikklinja ved Borgund VS: Bak frå venstre: Bjørn Henning Førde (kontaktlærar og faglærar), Terje Finnøy (faglærar), Emil Buland, Audun Sund, Johannes Trones, Patrick Pedersen, Anstein Høgseth, Filip Indrestrand, Jørgen Solevåg Flåskjer, Sindri Bjarnfridur Vidisson. Framme frå venstre: Johannes Røsvik, Rikard Roald Sheta, Jakob Osen og Nikolai Enge Hagemann.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Ingenting er kjekkare enn å kunne kome ønska frå bransjen i møte, seier Jessie Strand Fagervoll, rektor ved Borgund vidaregåande skule.