Naboane har problem med lukt, støy og rotter - no vil miljøselskapet utvide drifta

Bingsa Gjenvinning AS har søkt om å drive annan avfallsaktivitet enn dei gjer i dag. Innbyggjarane i området fryktar det vil auke problema knytt til støy og lukt.

Bekymra: Både Heidi Lillevold (eigar av Askepott barnehage) og Therese Giskeødegård Osvik (leiar i Olsvika Vel) veit at Bingsa Gjenvinning AS har kome for å bli, men ønskjer færrast mogleg plager knytt til lukt, støy, trafikk og skadedyr.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Vi har hatt problem med lukt her i mange år. Familiar har vurdert å selje husa sine grunna lukta. Den kan vere så kvalmande at vi ikkje tør la ungane sove ute, seier Heidi Lillevold.