Passkontrollen tek lengre tid enn vanleg

Sjølv om det er færre fly og færre passasjerar, tek ting lengre tid når det kjem tilreisande frå utlandet til Vigra.

Kø ute: Om det hopar seg opp med passasjerar i passkontrollen kan nokre måtte vente ute, slik som her frå tidlegare i august.   Foto: Camilla Hjelmeseth

Nyheter

– Politiet må no som et koronatiltak gjere passkontroll på tilreisande, også frå Schengenområdet. Det har ikkje vore nødvendig før. Politiet har sikkert mange ting som skal sjekkast før passasjerane slepp inn i landet, og då tek det lang tid å kontrollere kvar enkelt, seier Tor Hånde, flyplassjef ved Vigra.