Møbelbedrift i Vanylven:

Fekk viktig ordre hos Ulstein Verft

Rovde Møbel & Design AS har fått oppdraget med å levere innreiing til nybygget «Nexans Aurora» ved Ulstein Verft AS.

Nytt fartøy: Kabelleggingsfartøyet «Nexans Aurora» blir utrusta hos Ulstein Verft AS.  Foto: Ulstein Verft AS

Nyheter

Bedrifta, som held til på Rovde i Vanylven, skal levere totalpakke av platemøblar til 90 lugarar, messe, dagrom, garderobe, vaskerom, bru, kontrollrom/ kontor med meir.