Stålelement som skal brukast på Nordøyvegen er på veg frå Polen no, men vegprosjektet har også utfordringar:

Grunnvatn gjer at Nordøyvegen kan bli forseinka

Arbeidet med Nordøyvegen held fram i stort tempo, men usikkerheit rundt tunneldrivinga på Nogvafjorden gjer at vegen i ytste konsekvens blir forseinka.

Klare til å avreise: Dette er stålseksjon 1, 2, 6 og 7 før dei starta ferda frå Norge til Polen før helga. Seksjonane kjem til Gjøsund i Giske denne veka.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

– Dette er jo fjell ingen har vore i før. Vi har problem med dårleg fjell og grunnvatn i tunneldrivinga på Longva-sida der tunnelen skal gå mellom Flemsøya og Fjørtofta. Grunnvatn er ikkje mogleg å føresjå, seier Marianne Nærø til Sunnmørsposten.