Hellesylt:

Fann kjemperøyksopp i fjøsen

Då Aslaug Kjellstad stakk innom fjøsen laurdag fann ho ein sopp som viste seg å vere heile 5,28 kilo.

Kjemperøyksopp: Aslaug Kjellstad vart ikkje overraska då ho fann kjemperøyksoppen på fjøsen, men har heller ikkje høyrt om at like tunge soppar er funne på desse kantar.  Foto: Fredrik Stadheim

Nyheter

– Eg har visst i ti år at vi har hatt sopp i denne fjøsen, fortel Kjellstad til Sunnmørsposten.