Vil ha tiltak som får folk til å sette ned farta her

KrF vil arbeide for at Sjøholt sentrum blir løfta som eit pilotprosjekt for korleis ein kan sikre dei mjuke trafikantane, når ein hovudveg går gjennom ein tettstad.

Vil ha lågare fart: Ester Walgermo og Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) vil ha lågare fartsgrense på vegen gjennom Sjøholt sentrum, og betre tiltak for mjuke trafikantar.   Foto: Johan Behrentz

Nyheter

Det fortel Randi Walderhaug Frisvoll og Ester Walgermo, begge drivne politikarar for KrF. Dei tok opp forslaget med samferdselsminister Knut Arild Hareide frå same parti, då han nyleg besøkte Sunnmøre.