Hellesylt:

Filmfolka lovar å rydde etter seg

Arbeidet med å ta ned rampen og det store stillaset på fjellet Helsetkopen tek til straks filminnspelinga er over. Det har ordførar Jan Ove Tryggestad fått forsikringar om.

Rampe til Cruise-stunt: Denne rampen og stillaset på toppen av Helsetkopen skal fjernast etter at siste scene er filma.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Vi har hatt ei god dialog med filmfolka over fleire månader. Dei har lovd oss at dei skal rydde skikkeleg opp etter seg slik at alle spor etter filminnspelinga blir fjerna. Mellom anna skal det store stillaset på Helsetkopen fjernast, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).