Minner om utvida bandtvangperiode:

Vil unngå fleire hundeangrep på sau

Sykkylven kommune har fått melding om nokre stygge episoder, der hundar har angripe sauer.

Beitedyr: La sauene kome seg trygt heim, utan å bli angripne av lause hundar, oppmodar Sykkylven kommune. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Yngve Rekdal / Nibio

Nyheter

Store saueflokkar er framleis på beite i Sykkylven, og kommunen har difor også i år utvida bandtvangsperioden med over ein månad – til 30. september.