Fylkeskommunen legg langsiktig plan for næringslivet:

Derfor gliste fylkespolitikarane og Gunvor etter møtet på Ulstein

Fylkeskommunen fekk skryt frå Ulstein Group-topp Gunvor Ulstein for innsatsen under koronakrisa, men no blir fokuset flytta fleire tiår fram i tid.

Sa seg nøgde med møtet: Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Marit Nerås Krogsæter (Sp) meiner begge at fylkeskommunen skal ha ei offensiv rolle opp mot næringslivet, og vere ein medhjelpar og døropnar der dei kan. Gunvor Ulstein meiner at fylket alltids kan gjere endå meir, men var raus i omtalen av fylket sin innsats under koronakrisa.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Fylket er gode å ha. Ein del av hastetiltaka vi ønskte har vi fått, mellom anna etter påtrykk frå fylket. Dei har verkeleg støtta oss no i denne tøffe perioden, noko eg også har sagt til fylkesordførar Tove-Lise Torve, sa Ulstein på eit møte i lokala til Ulstein Group fredag føremiddag.