Får sju millionar til utvikling av byen:

Pengar til skatepark, kunst og smarte løysingar

Korleis kan kunst og smarte teknologiske løysingar brukast til å utvikle Kiperviktorget som eit sentralt byrom i Ålesund?

Kiperviktorget: Mykje har skjedd sidan ein først starta arbeidet med utvikling av Kiperviktorget. No skal kunst og smarte teknologiske løysingar også inn i planane. Her eit forslag frå Lala Tøyen i Oslo som blei presentert på eit møte i fjor. Arkiv  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Dette er noko av det ein skal finne ut gjennom prosjekta som i år har fått støtte frå fylkeskommunen si satsing «Byen som regional motor». Ålesund har i år fått sju millionar kroner.