Rettssak etter fleire overfall:

– Han sa han ville slå meg i hel

Tiltalte var på jakt etter ein mann, men angreip og banka i staden broren til den han leita etter.

RettssaK: Mette Ekroll Nyland er støtteadvokat for offera i rettssaka mot ein mann i 40-åra som denne veka har møtt i Sunnmøre tingrett. Statsadvokat Inger Myklebust Ferstad er aktor i saka, som blir avslutta med prosedyrar fredag.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Han sa han ville slå meg i hel, viss eg ikkje fortalde kvar bror min var. Så blei eg overfallen og slått i alle fall fem gonger i hovudet. Eg såg stjerner og kjende det knaka i nakken, då han sparka meg i hovudet, fortalde mannen som er eitt av valdsoffera i rettssaka som denne veka har vore oppe i Sunnmøre tingrett.