Tysdag 15. september

Brannøving i tunnel mellom Sjøholt og Dyrkorn

Dyrkorntunnelen blir delvis stengd tysdag kveld 15. september på grunn av ei større brannøving.

Øving: Frå ei brannøving i Skrøotunnelen. No er det Dyrkorntunnelen som står for tur.  Foto: Gjøri Dalsbø

Nyheter

Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane skal ha redningsøving i Dyrkorntunnelen på fylkesveg 650 mellom Sjøholt og Stordal tysdag 15. september. Og ein vil kunne sjå røyk frå tunnelen. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune.